Pilarpostboks: Dokumenta var inne i ein steinpilar under sjøbua i Lårdal. Bua vert no støtta opp av lafta tre medan arbeidet med å mure nye pilarar går føre seg.

Fann illegale aviser frå våren 1945 inne i steinpilaren

– Ein kan jo tenke seg at dette er ein stad dei gøymde illegale aviser. Det er jo sentralt og lett å koma til med båt, samstundes som det er høgt oppe slik at ikkje vatn kjem til, seier tradisjonshandverkar Eystein Greibrokk.

Publisert Sist oppdatert

Han og kollegaen fekk seg ei overrasking tysdag då dei skulle rive ein av pilarane under sjøbua på brygga i Lårdal. Den var bygd opp av stein som danna ein firkant, der midtfyllet var mindre stein. Dette fyllet var handverkarane i ferd med å plukke ut for å nytte i den nye pilaren då det plutseleg dukka opp noko samankrølla papir blant steinane. Dette viste seg å vere ein konvolutt merka H.1110. Inni fann dei mange gulna ark.

Dei viste dokumenta til Hege Tveito Valencia, som er næraste nabo til sjøbua.

– Eg la det i press med ein gong, forklarar Valencia, og legg dokumenta ut over steinhella framom inngangen til sjøbua. Femten maskinskrivne sider frå krigens siste månadar – mellom anna tre utgåver av «Kommunenytt årgang 2, nr 19», datert 19. mars 1945, og også ei avisutgåve med tittelen «Fronten» frå 9. april 1945.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS