Får 2,3 millionar kroner frå staten etter skogbrannen i sommar

Nissedal kommune får utbetalt 2 293 597 kroner i desember for utgiftene i samband med skogbrannen ved Jettegrytene i sommar.

Publisert Sist oppdatert

Kommunal- og distriktsdepartementet har innvilga skjønnsmidlar for ekstraordinære hendingar for skogbrannen ved Jettegrytene i Nissedal i sommar. Det melder departementet i ei pressemelding.

Beløpet dekker dei utgiftene Nissedal kommune har hatt i samband med brannen fråtrekt ein eigendel på 355 750 kroner (250 kroner per innbyggar). Desse midlane kjem i tillegg til Statsforvaltarens tildeling på 500 000 kroner til same føremål tidlegare i år.

– Me er fornøgd med at kommunen får kompensert dei meirutgiftene dei fekk i samband med sløkkinga av brannen. Ekstraordinære hendingar som denne skogbrannen kan få innverknad på kommuneøkonomien, seier fungerande statsforvaltar Fred-Ivar Syrstad.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS