Finnekosi i Tveitgrend.
Tone Tveit
Får dele frå tomt: Skal bygge nytt våningshus på garden
Formannskapet i Kviteseid har godkjent frådeling av ei bustadtomt på Finnkosi i Tveitgrend i Kviteseid.
Det er eigaren Dag Rune Sandvik som har søkt om å dele frå ei bustadtomt på 2,4 dekar. I søknaden kjem det fram at i samband med generasjonsskifte skal det byggast våningshus på garden på den frådelte tomta. Sonen og svigerdottera skal overta garden i nær framtid, kjem det fram i saka.
Finnkosi er ein eigedom på 17 dekar innmark og 677 dekar produktiv skog, totalt 887 dekar. Garden har
eitt eldre våningshus med uthus på Nordjore ved Tveitgrendvegen, samt eit gardstun i Finnkosi
med eldre lafta bygningar. Det nye bustadhuset er tenkt plassert mellom desse tuna. Det gamle
lafta våningshuset i Finnkosi er vurdert som for lite av storleik for ein familie, og er heller ikkje
eigna for tilbygg.
– Det er positivt at det vert bygd nye bustadar i kommunen, og med bygginga kjem det også to
nyutdanna lærarar som ynskjer seg attende til Vest-Telemark, skriv sakshandsamar John Olav Lia i saka til formannskapet.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP