Får fire prikkar etter at mindreårig serverte alkohol på festivalen
Seljordfestivalen AS tok umiddelbart grep og har gått gjennom rutinane etter at det blei avdekt at ein person under 18 år skjenka alkohol under festivalen.
Securitas gjennomførte på oppdrag frå Seljord kommune skjenkekontroll under Seljordfestivalen 7. juli. Kontrollørane observerte fleire tilsette som såg unge ut. Ingen av dei tilsette kunne vise legitimasjon, og politiet blei kontakta for å kontrollere alderen på to av dei tilsette. Det blei då avdekt at ein person under 18 år skjenka alkoholhaldig drikk.
Det er formannskapet som fattar enkeltvedtak om prikkar etter brot på alkohollova. Det blei gjort i torsdagens møte. Brotet fører til fire prikkar. Dersom verksemda får 12 prikkar i løpet av ein toårsperiode blir skjenkeløyvet automatisk inndratt.
Festivalsjef Yvonne Eilefstjønn forklarar i eit skriv til kommunen at den aktuelle medarbeidaren var ein del av eit fotballag frå Oslo som var leigd inn. Festivalen hadde på førehand mottatt stadfesting på alder på alle som kom. Den aktuelle personen hadde oppgjeve feil fødselsdato både skriftleg og munnleg. Seljordfestivalen AS terminerte kontrakt og oppdrag med dette idrettslaget straks forholdet blei kjent.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP