Seljord frivilligsentral: Lokala på Brøløs i Seljord.

Får pengar til utstyr, drift og oppussing. – Så glade for å få denne uventa gåva!

BUA Seljord får 111 217 kroner av Sparebanken Sør. Pengane skal bli bruka til å kjøpe inn utstyr, sikre drift og pusse opp lokale.

Publisert

Sparebanken Sør fyller 200 år og som ein del av jubileet gir banken ut fleire større gåver. 4,5 millionar kroner skal bli delte ut til BUA-avdelingar i regionen.

BUA Seljord er ei av avdelingane som får gåve. 111 217 kroner skal bli bruka til å kjøpe inn utstyr, sikre drift, og pusse opp lokale.

– Me er stolte over å kunne bidra vesentleg til dei gode lokalsamfunna der banken har kontor, og spesielt til det flotte arbeidet BUA gjer. BUA sitt arbeid bygger opp under det me er opptatt av, nemleg berekraftig vekst og utvikling i regionen, seier Torhild Landberg Felle, regionbanksjef i Sparebanken Sør i ei pressemelding.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS