Meteorologisk institutt melder om lyn i store delar av Sør-Noreg. Foto: Cornelius Poppe / NTB / NPK

Farevarsel for lyn i Sør-Noreg

Det er meldt gult farevarsel for lyn, tore og styrtregn fleire stader i Sør-Noreg.

Mange stader i Sør-Noreg har nytt ei helg med strålande sol og penvêr. Måndag er det likevel meldt fare for lyn for Sørlandet, Vestlandet og Austlandet, melder Meteorologisk institutt på Twitter.

– Varselet gjeld for Rogaland, Hordaland, Oslo, Viken og Vestfold og Telemark, fortel meteorolog Ingvild Villa til NTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho fortel at varselet gjeld frå og med ettermiddagen innover i landet, men at det allereie har starta på kysten på Sørlandet.

I tillegg blir det meldt om styrtregn i delar av Vestland, Rogaland og Agder.

Meteorologane tilrår at ein held seg oppdatert om vêrutviklinga, koplar ut elektriske apparat, søkjer ly, ikkje badar og unngår store sletter og tre.

Torevêret kan også føre med seg kraftige vindkast.

(©NPK)