Reagerer: Charlotte Øster har hatt framsyninga «Hjarte i alle fargar» på fleire av skulane i Vest-Telemark. Ho reagerer på at Kviteseid gav elevane eit alternativt opplegg.

Fekk fritak frå framsyning om skeiv kjærleik. – Eg synest dette er sjokkerande

I oktober var Charlotte Øster på fleire av skulane i Vest-Telemark med framsyninga «Hjarte i alle fargar». I Kviteseid var det fleire foreldre som bad om fritak for sine born.

Publisert Sist oppdatert

– Det var ingen av oss på skulen som hadde tenkt på at dette skulle bli problematisk, seier rektor ved Kviteseid skule, Odd-Arne Thorbjørnsen.

Kvelden før framsyninga fekk han telefon frå fleire foreldre som ynskte at borna deira ikkje skulle delta. Han valde då å sende ut ei melding til alle foreldre på mellomtrinnet, der han informerte om at det hadde kome reaksjonar og at skulen ville leggje til rette for eit alternativt opplegg.

– Det er snakk om 7-8 elevar som ikkje deltok, fortel rektoren.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS