Våningshuset: Er truleg frå 1700-talet og har ei grunnflate på 60 kvadratmeter. Toroms-stoga er opphaveleg ei tømre som seinare er kledd utvendig med bordkledning. (Kjelde: Salsprospektet)
Anne Sofie Tresland
Fekk ikkje medhald i konsesjonsklaga. Nå varslar eigaren ny søknad: – Eg vil avslutte husdyrhaldet og flytte dit
Kviteseid-politikarane sa nei til konsesjonssøknaden frå Alf Kjetil Runningen fordi han ikkje ville bu der. Runningen har nå fått tre månader på seg til å «avhende» eigedomen Fossøl i Åsgrend, men varslar nå at han vil søke på ny – denne gongen for å flytte dit.
– Eg meinte eg hadde gode argument for å ha eigedomen som tilleggsjord sidan den fungerande driftsbygningen min ligg i Seljord, og tenkte kommunen vil støtte opp om det. Men verken Senterparti-styrte Kviteseid kommune eller statsforvaltaren ser ut til å ville støtte opp under ein mindre husdyrhaldar i Vest-Telemark. Det viser seg at det er berre buplikt som gjeld for kommunen, seier Runningen til VTB.
Han har mottatt brevet frå Kviteseid kommune som seier han må ha seld eigedomen innan 7. januar neste år, men varslar nå ein ny konsesjonssøknad. Denne gongen kjem han til å krysse av for at han kjem til å busetje seg på eigedomen i Åsgrend.
– Eg vil avslutte husdyrhaldet heilt eller delvis og flytte dit for å oppfylle buplikta, stadfestar Runningen som driv med sau og storfe.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP