Fekk lov til å nytte helikopter til transport av materiale
Seljord kommune har i eit delegert vedtak sagt ja til helikoptertransport til Kvammen i Åmotsdal.
Håkon Fjågesund har fått løyve til å nytte helikopter til å frakte materiale og stillas på strekninga Åstaul - Kvammen i Åmotsdal. Det skal utførast restaureringsarbeid i regi av Vestfold og Telemark fylkeskommune på det freda loftet på Kvammen i Åmotsdal.
Kvammen er veglaus, og ordinær transport let seg difor ikkje gjere. Det blir søkt om å flyge inn om lag seks lyft med materiale og stillas til arbeidet. Stillaset må også bli floge ut att når jobben er ferdigstilt. Dette vil truleg dreie seg om 2-3 lyft.
Flygestrekket er frå Åstaul til Kvammen, eit strekkje på om lag 600 meter i luftline. Flyginga blei utført 15.09.2021, eller næraste dato med flygetilhøve. Returlasset med stillaset blir gjennomført 15. oktober, eller litt avhengig av framdrift på prosjektet.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP