Kommunestyrerepresentant Solveig Nekstad Grave (t.v.), Jan Helge Breidalen, Svein Breidalen og Trond Fjågesund var svært fornøgd etter at det vart klart at det ikkje blir privatisering av kommunale vegar i Kviteseid.
Elin Fjalestad
Fekk støtte av politikarane: Sa nei til at dei kommunale vegane blir private
Det var mykje kjensler i sving i kommunestyresalen i Kviteseid torsdag kveld, etter at det vart klar at eit fleirtal stemte mot privatisering av ti kommunale vegar.
Å privatisere fleire kommunale vegar, eller ikkje, har vore tema blant politikarane i Kviteseid sidan hausten 2022. Våren 2023 vedtok kommunestyret å privatisere 12,5 kilometer med kommunal veg. Det førte til eit stort engasjement blant dei som bur langs vegane. I desember 2024 leverte Jan Helge Breidalen og Aslak A. Midtbøen inn 230 underskrifter frå innbyggjarar i Kviteseid kommune som kravde at saka vart tatt opp igjen, som eit innbyggjarforslag. Då saka var oppe i februar var ikkje politikarane fornøgde med saksutgreiinga. Dei meinte at det ikkje kom tydeleg fram kva kommunen kom til å spare på å privatisere vegane. Torsdag kveld var saka på ny i kommunestyret i Kviteseid.
Stod på tilrådinga
Også denne gongen hadde mange av dei som bur langs vegane møtt opp. Og det tok si tid før saka dei venta på kom opp denne kvelden.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP