Inhabil: Tore Metveit (Ap) var ikkje habil til å vera med å behandle saka om konsesjon på Metveit Øvre, konkluderer Statsforvaltaren.
Geir Ufs
Fekk støtte om inhabilitet – men politikarane kom til same konklusjon då saka kom tilbake på bordet
Tore Metveit var inhabil då konsesjonssaka om Metveit Øvre i Fyresdal blei behandla politisk. Då planutvalet i Fyresdal behandla saka på ny, sa dei igjen nei til at Ingebret Gaaren får eigedomen som tilleggsjord.
Men siste ordet er ikkje sagt. Gaaren har klaga på vedtaket frå november som blei gjort med tre mot ei røyst (Janne Lunden Teksle, Sp). Fleirtalet støtta kommunedirektøren i å avslå søknaden og argumenterte med at «ervervet ikkje ivaretek omsynet til busetting i området».
Gaaren har kjøpt Metveit Øvre frå Kristin Andresen og Gunvald Greivstad for 2,8 millionar kroner. Han ynskjer eigedomen som tilleggsjord til Askerud. Gaaren skreiv i opphavleg søknad at sauedrifta vil bli tungvind og driftsgrunnlaget sterkt avgrensa om det ikkje lenger blir mogleg å bruke jorda til Metveit Øvre.
– Det vil styrke det einaste bruket i Kleivgrend som framleis har sauedrift, skreiv Gaaren i søknaden om konsesjon.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP