På Telia sitt dekningskart kunne ein sjå eit stort raudt område kring Felle i Nissedal som var utan fibernett og mobildekning fredag føremiddag.

Felle-bygda var utan mobilnett i over femti timar

Ordførar i Nissedal, Ian Perry-Jones, undrar seg over at Telenor ikkje varslar kommunen når mobilnettet er nede. Sidan onsdag klokka elleve var eit område på Felle med 70 husstandar og 150 hytter utan tilgang på både fiber og mobildekning. 

Publisert Sist oppdatert

Onsdag klokka elleve forsvann både fiberdekning og mobildekning for innbyggjarar og hyttegjester på Felle i Nissedal kommune.

Dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen, stadfestar for VTB at dei hadde eit brot og feil på fiberkabel til basestasjonen på Kjetilåsen på Felle frå 26. mars klokka 11.00. Fredag 28. mars klokka 14.04 melde Amundsen at feilen var retta.

– Feilen førte til breibandsbrot for 45 Telenor-kundar, seier dekningsdirektøren. 

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS