427 rein: I Vinje blei det skote totalt 427 rein i jakta på Hardangervidda sist haust. (Illustrasjonsfoto)
Privat
Felte 1440 rein på Hardangervidda – bare den eine hadde skrantesjuke
Av fellingskvoten på 5000 rein på Hardangervidda sist haust, blei det skote nest flest dyr i Vinje. Der kom talet opp i 427 rein, medan Ullensvang toppa med 537 dyr.
Som kjent blei det under jakta på Hardangervidda i september 2020 skote ein åtte år gamal bukk som viste seg å ha skrantesjuke (CWD). Dette blei påvist i lymfeknutane og ikkje i hjerneprøva. Lymfeknutane er spesielt viktig, då eventuell smitte lettast kan bli påvist der.
Under sist jakt i alle landets villreinområde blei jegerane pålagt å ta CWD-prøve av alle felte rein eldre enn kalv. Av dei 1440 skotne reinsdyra på Hardangervidda var det litt over 100 kalvar. Det vil seie at blant over 1300 eldre dyr enn dette hadde bare eitt av dei skrantesjuke. Det er det fyrste reinsdyret som har fått påvist CWD i dette jaktområdet.
I Vinje var det ein fellingskvote på 943 rein. Det ramla 17 hokalvar, 19 hannkalvar, 17 simler 1,5 år, 24 bukkar 1,5 år, 118 simler og 232 bukkar – totalt 427 dyr.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP