Gaupe: Det er felt tre gauper totalt i Vest-Telemark i årets kvotejakt. (Illustrasjonsfoto)

Felte gaupe i Seljord fredag

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark melder at det fredag blei felt ei gaupe i Seljord. Det står nå att fire gauper på kvoten for jaktområde 2.

Publisert Sist oppdatert

Kommunane i Vest-Telemark, med unntak av Nissedal, er med i jaktområde 2 der det totalt blei tildelt 10 dyr på årets kvote. Av desse ti kunne tre av gaupene vere hodyr, og to kjetter er så langt felt i årets kvotejakt i dette jaktområdet som starta 1. februar og som varar til 31. mars.

Jaktområde 2 dekker midtre og vestre delar av tidlegare Telemark fylke og Bykle og Valle kommunar i Agder.

Den fyrste gaupa som blei felt i jaktområde 2 var i Seljord 4. februar, dette var ein vaksen hann på 19 kilo. Deretter blei det felt ei gaupe på 10 kilo i Midt-Telemark 12. februar, ei vaksen hogaupe på Notodden 16. februar, ein årsunge på Notodden 16. februar, ein vaksen hann i Hovin 18. februar og ei gaupe i Seljord 19. februar.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS