Fem personar er friskmelde
Talet på smitta i Vinje er no 12, etter fem av dei 17 som var registrert smitta har fått status som friskmelde, melder ordførar Jon Rikard Kleven på Facebook onsdag ettermiddag.
Oppdateringa kjem etter at ordførarens melding onsdag morgon om at alle dei 22 prøvene kommunen fekk svar på tysdag var negative.