Hytte: Blant opprustingane som har blitt gjort er oppføringa av ei hytte, som husar dei mest vêrsensitive komponentane av basestasjonen.
Svein Olav Vaa
Ferdig med opprustinga – sikrar dekninga i store delar av regionen
Etter ein stor friviljug innsats er sikringsradio-basen på Vehuskjerringa operativ att, og sikrar at ein kan nå alarmsentralen uavhengig av mobilnettet.
Arbeidet, som er støtta av Tokke og Vinje kommunar og Sikringsradioen AS, vart sett i gang etter uvêret hausten 2021, då naudnettet var nede etter straumbrot. Friviljug innsats sikra då kommunikasjon mellom naudetatane over sikringsradiosambandet, trass i at basestasjonen på Vehuskjerringa, sikring 2, var ute av drift store delar av perioden.
I oktober 2022 løyvde Vinje kommune 95 000 kroner til Vinje sikringsradiolag, øyremerkt ei hytte som husar vêrsensitive komponentar av den nye basestasjonen, for å sikre heilårsdrift av sambandet. No er arbeidet på Vehuskjerringa heilt i mål, og sikring 2 er oppe og går att.
Basen på Vehuskjerringa er gunstig med tanke på dekningsomfang, og sikrar dekning på sambandet i store delar av øvre Vest-Telemark, særs i Vinje, Tokke og Seljord.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP