Folkefesten er avlyst: For mange er Countryfestivalen i Seljord eit av årets høgdepunkt. Nå er heile festivalsommaren avlyst.

Festivalsommaren er avlyst

I dag vart det kjent at regjeringa forlengjer forbodet mot alle store arrangement fram til 1. september. Det betyr at alle planlagde arrangement på Dyrsku-plassen sommaren 2020 er avlyst.

Publisert Sist oppdatert

– Det er mange som ynskjer å besøke oss i sommar og det er trist at vi ikkje kan ynskje gjestene velkomen som planlagt. Det er med tungt hjarte vi no må innstille festivalane i sommar, men naturlegvis må omsyn til liv og helse gå fyrst, seier dagleg leiar for Dyrskuplassen og Dyrsku’n Geir Helge Espedalen og leiar for Countryfestivalen og Seljordfestivalen Yvonne Eilefstjønn i ei pressemelding.

Kultur- og likestillingsminister Abid Raja presenterte laurdag regjeringa sine reglar for arrangement i sommar, og dei har bestemt at alle arrangement med meir enn 500 menneske er forbode fram til 1. september. Det betyr at det førebels er uvisst om Dyrskun kan arrangerast i september.

– Dei økonomiske konsekvensane for Dyrskuplassen blir betydelege. Vårmarknaden og Pinsestemnet er allereie avlyst som fylgje av dei nasjonale føringane. Skulle det også kome eit forbod mot å arrangere Dyrsku’n i september anslår vi eit totalt inntektstap for Dyrskuplassen på kring 70 millionar kroner, noko som sjølvsagt får store konsekvensar. Det er mellom anna sett i verk permitteringar i administrasjonen og ulike utviklingsprosjekt er sett på hald. Ringverknadane knytt til aktivitetar på Dyrskuplassen er også store, så dette vil merkast godt i lokalt og regionalt reiseliv, lag og organisasjonar og handel.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS