Lokal helt: Ein viktig person i den komande filmen er sekundløytnant Thor Olaf Hannevig. Han kjempa innbitt mot tyskarane i Vinje, og overgav seg aldri. - Hannevig hadde bursdag 20. april, fortel Aalandslid. - Og då han sat fengsla i Gestapofengselet på Victoria terrasse, hadde dei innsette fått tak i noko brennevin for å feire bursdagen til Hannevig. Etter kvart kom vaktene for å stoppe bråket, og då sa Hannevig på gebrokkent tysk «Geburtstag feiren». Dermed slapp dei unne med festen, sidan vaktene trudde dei meinte Hitler sin bursdag. Hitler var nemleg også fødd 20. april! Foto: Heimefrontmuseet i Oslo

Filmprosjektet ut av startgropa: – Me set passarspissen i Vinje og dreg ringane!

Olav Aalandslid gler seg over 130 000 kroner frå Vinje kommune til satsinga på ein storfilm om kampane i Vinjesvingen.

Publisert Sist oppdatert

– Dette er fyrste steget på ein lang veg fram mot den ferdige filmen. Me på forsvarsmuseet er veldig glade for det gode samarbeidet med kommunen, understrekar han.

Den 8. oktober kjem filmskaparen Fredrik Horn Akselsen saman med to erfarne researcharar til Vinje for å møte Aalandslid og dei andre som er involverte frå lokalmiljøet.

– Då skal me sjølvsagt sjå på stadane der alt skjedde, og planlegge vegen vidare. Og eg håpar me også får sett ein dato for når filmen skal bli ferdig, seier Aalandslid.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS