Politiet etterforskar framleis innbrotet i Kunstlåven i Seljord.

Fire personar er sikta etter innbrotet

Politiet etterforskar framleis innbrotet og hærverket i Kunstlåven i Seljord. Nå er fire personar sikta i saka, men politiet vil gjerne ha fleire tips frå publikum.

I slutten av februar vart det oppdaga at det hadde vore innbrot og gjort hærverk i Kunstlåven i Seljord. Svært mykje var øydelagt, men etter kvart vart det også klart at mykje kunst var borte. TV2-programmet «Åsted Norge» lagda også eit innslag frå Kunstlåven i Seljord. 

Nå kan politiet fortelje at dei har sikta fire personar i saka. 

Sigrid Dahl er tenesteeiningsleiar for Midt- og Vest-Telemark.  Ho stadfestar at dei fire er frå Vest-Telemark og at politiet kjenner til dei frå før. Politiet har gjennomført avhøyr og ransaking på tre privatadresser. 

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS