Moro med mark: Jonas Nevestveit (3) frå Åmot og Paul Henrik Trøite Tøftvang (3) frå Våmartveit. Dei synest det er vel så moro å leike med agnet, som å fiske.
Åsne Margrete Kleiv
Fiskelykke i Haukeli
Rekordmange born var samla på Barnas fiskefestival i Haukeli førre helg. Det blei tøff konkurranse om den største fisken.
– Det heile starta med at folk og næringar rundt ynskja at det skulle skje noko i bygda - noko som er gratis, slik at alle som vil kan vere med, fortel Gudrun Semons i Visit Haukeli.
Det er tredje året det blir arrangert fiskefestival i Haukeli, og det er fleire som deltek på festivalen kvart år. Fyrste året var det 40 born og førre året var det 70. I år rekna dei om lag 100 påmelde.
Det er Visit Haukeli, Haukeli Bue og Velemoen camping som står som arrangørar.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP