Brenn framleis: Skogbrannen starta laurdag, og måndag føremiddag brenn det framleis ein god del i fjellsida på Furunusteren.
Skogbrannhelikopteret
Flammane på bakkenivå er 500 meter frå bustadhus og kraftstasjon - brannmenn er mellom og sikrar
Klokka 09.00 måndag blei brannmannskapet bytta og 30 mannskap er klare til å drive sløkkearbeid i området det brenn i. Eit helikopter har vore i sving sidan klokka 08.00. Måndag føremiddag brenn det hovudsakleg i ei fjellside på Furunusteren.
– Det brenn ein god del i fjellsida på Furunusteren, men det har ikkje vore mogleg å koma til. Mannskapet sløkker i botn slik at brannen ikkje skal spreie seg vidare. Eit helikopter har vore i sving sidan klokka 08.00 og tek seg av toppen av fjellsida slik at brannen ikkje skal spreie seg over til andre sida, seier Marthin Haugen, som er vaktleiar ved Sør-Aust 110-sentralen.
Bare eit helikopter i sving
Vaktleiaren fortel at det bare er eit helikopter i aksjon, men at det er mogleg å tilkalle fleire om brannen skulle spreie seg over toppen. Helikopteret køyrer skytteltrafikk mellom Furunusteren og Refstjønn for å hente vatn.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP