Fleire millionar i tilskot til verksemder
14 verksemder i Fyresdal fekk i fjor totalt 3 184 049 millionar kroner i tilskot frå det kommunale næringsfondet. 32 ungdomar fekk glede av lønstilskot frå kommunen.
Av næringsfondløyvinga på over 3 millionar kroner gjekk 435 000 til nyetableringar, 780 000 til alt etablerte og summen for andre tilskot kom opp i 1 968 500 kroner.
Totalt utbetalte kommunen 203 100 kroner i lønstilskot til skuleungdom i sommarjobb i fjor.