10. klasse Kviteseid skule: Framme frå venstre: Thea Grindholm, Andrea Nordbø Venås, Ole Didrik Fosse Didriksen, Kjersti Berge, Torje Grestad, Sigrid Marie Aarbakk og Johannes Myklebust. Andre rekke frå venstre: Andrine Lindestad, Saamund Kvålseth Midtbøen, Svenn Bakken Braun, Henning Hovden Jansen og Halvor Sanden Brenne. Tredje rekke frå venstre: Sindre Edvartsen, Ragnhild Berge, Johanna Lundeberg Krossbakken og Hayder Mushtaq Hatem Al-Dulaimi. Bakerst: Sondre Wrålsen Evja.
Tone Tveit
Fleirtalet skal på vidaregåande i Vest-Telemark
Dei 17 ungdommane i 10. klasse i Kviteseid har landa på kva vidaregåande skule dei skal starte på til hausten. 11 av 17 vel vidaregåande skular i Vest-Telemark. Flest elevar skal til Dalen, men nokre vel også privatskulen Kvitsund, og somme elevar reiser ut av regionen.
Ungdommane i 10. klasse ved Kviteseid ungdomsskule kjem i år frå Vrådal, Morgedal, Brunkeberg, Ordal og Kviteseid og har mange tankar om valet dei har gjort for å lande på den rette vidaregåande utdanninga etter sommarferien. Sju av elevane har søkt privatskule og fått svar om dei kjem inn, dei ti andre må vente til 8. juli då hovudinntaket til vidaregåande skule er klart.
Dei 17 ungdommane vil bli godt spreidde på ulike skular frå hausten av, og fortel at det er ulike grunnar til at dei vel den skulen dei gjer.
Elevane som vel å reise lengst vekk gjer dette fordi dei har høyrt godt om skuletilbodet, at det er gode utdanningsprogram, flinke lærarar, at dei kjenner elevar som har gått eller går på skulen, og at det er eit godt miljø.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP