Satsa i Fyresdal: Desse tre karane ville etablere verksemder på Fyresdal flyplass i 1973, f.v. Kjell Krogstad, Oddvar Faane og Bjørn Olsen.

«Flying start» med flytaxi og småflykirurg

Fly var hovudoppslaget då den fyrste VTB-utgåva kom i 1973. Det var då fem år sidan småflyplassen i Fyresdal hadde blitt bygd, og endeleg skulle satsinga føre til nye arbeidsplassar i bygda. Femti år seinare kan me slå fast at det vart heller smått med arbeidsplassar på flyplassen – men veldig mykje aktivitet.

Tre karar med flyinteresse stod for satsinga i 1973. Skiensmannen Oddvar Faane var eigar av Fyresdal Air Taxi, medan Bjørn Olsen var dagleg leiar og pilot. Verksemda hadde eitt passasjerfly med plass til seks personar, og ville frakte folk og varer til og frå Fyresdal på same måte som ein drosjebil. I tillegg ville småflyreparatør Kjell Krogstad bygge ny flyverkstad ved flyplassen.

Fyresdal flyplass hadde blitt bygd i 1968, og var då 800 meter lang. Ved etableringa av dei to verksemdene i 1973 hadde rullebanen blitt forlenga slik at den var nesten 1400 meter lang. Det var ikkje berre roseraude tilstandar, for Fyresdal kommune fekk kritikk for å ha brukt 250 000 kroner på flyplassen utan at det hadde ført til noko aktivitet.

– Sjølv om flyplassen enno ikkje har gjeve konkrete resultat med tanke på nye arbeidsplassar til bygda, er det i fyrste rekkje den som har fått utanbygds verksemder til å tenkje på å slå seg ned her, sa ordførar Sverre Berge til VTB i samband med etableringa av dei to flyverksemdene.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS