Nøgde: F.v. stortingsrepresentantane Lene Vågslid (Ap), Truls Vasvik (Ap) og Åslaug Sem-Jacobsen (Sp) er særs nøgde med helsekomiteens merknad kring rehabilitering. – Det er som ei bestilling å rekne, seier Vågslid og Sem-Jacobsen.
Privat
Flyttar rehabilitering opp på agendaen: – Som ei bestilling å rekne til helseføretaket vårt
Helsekomiteen på Stortinget tek til orde for å styrke fokuset på rehabilitering. – Det er ei anerkjenning av at det me driv me er rett, seier AiR-direktør Tarjei Helle.
Det var under handsaminga av helse- og samhandlingsplanen for 2024–2027, som komiteen hadde fått tilbake frå høyring tysdag denne veka, at komiteen merka seg fylgjande.
– I høyringa tok svært mange aktørar til orde for å styrke samhandlinga om rehabilitering og habiliteringstenestene i spesialisthelsetenestene og kommunane. Mange kommunar har ikkje bygd ut et adekvat behandlingstilbod og mange barn risikerer å stå i kø i fleire år for å få riktig hjelp. Komiteen meiner at habilitering og rehabiliteringstenestene må leggjast til som eitt av de prioriterte områda som skal handsamast i helsefellesskapa, og vonar at helsefellesskapa prioriterer området som eit sentralt tema når det blir lyst ut samhandlingsmidlar.
Eit fleirtal av medlemmene i komiteen, frå Sp, Ap, SV, Raudt og Pasientfokus, meiner også at «eit sentralt mål må vera å byggje ein samla kompetanse i offentleg/ideell regi for å gi fleire nordmenn funksjonsfriske liv. Fleirtalet meiner at arbeidsretta rehabilitering skal vera ein eigen kategori og inngå i tilbodet med tilstrekkeleg overnattingsplassar».
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP