Familiebedrift: Å vere bonde blir ein livsstil, og Jon Aslak Austjore får god hjelp av sonen Svein Olai (5).

For mange er det kritisk, men bonden håpar det snur nå

Lamminga har så vidt starta på Austjore i Byrte. Nokre få lam tek sine fyrste skritt, og finn mor si. Andre ventar, og Jon Aslak Austjore har fylt opp kjøleskapet. I lamminga har han døgnvakt i fjøset.

Publisert Sist oppdatert

Jon Aslak Austjore har alltid visst at han vil bli bonde. Det har alltid vore den store lidenskapen, og alt på midten av nittitalet fekk han seg eigne dyr. Nå er han 44 år.

– Eg gjekk på allmennfag på Dalen, då kunne eg bu heime, fortel han, og sidan har han vore i yrket.

Fyrst som forpaktar, og i 2012 kjøpte han slektsgarden Austjore. I 2008 bygde han nytt fjøs på kring 1600 kvadratmeter saman med ein annan, men sidan har han kjøpt partnaren ut, og nå driv han aleine.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS