For stor risiko til at vegen kan bli opna i Eidsborg

Det er framleis for stor uvisse knytt til om støttemuren på Eidsborgvegen vil rase til at vegen kan bli opna, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding fredag.

Publisert Sist oppdatert

– Risikoen er framleis for stor til at me kan tillata å opna vegen no, med tanke på tryggleiken, seier Ståle Singstad, leiar for Team Bruvedlikehold hjå Vestfold og Telemark fylkeskommune.

Vegen blei stengd førre onsdag, etter at det blei oppdaga setningsskadar i den eine køyrebanen. I etterkant har fylkeskommunen jobba intenst med å finna ei alternativ løysing, då omkøyringa er lang for dei som bur i området.

– Me har prøvd å grave oss inn mot fjellet på sida av vegbanen, for å legga trafikken så langt inn mot fjellsida som mogleg. For å få til dette ser det ut til at me må kome oss enno ein meter lenger inn. Då må me fjerna fjell, det er meir omfattande og vil ta litt tid, seier Singstad.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS