Bilen hadde køyrd av vegen rett ved krysset inn til fotballbanen i Vrådal.

Førar sovna - køyrde i lyktestolpe

Rett før klokka halv seks sundag morgon fekk naudetatane melding om eit trafikkuhell. 

Publisert Sist oppdatert

På politiets melding blei det opplyst at ulykka skjedde i Vråliosen, men ein VTB-tipsar gjer oss merksame på at utforkøyringa skjedde rett ved fotballbanen i Vrådal. 

Meldinga til naudetatane kom 05.28. Ein bil med to personar hadde køyrd av vegen og rett i ein lyktestolpe. Føraren klaga på litt nakkesmerter, passasjeren var utan skader.

Lyktestolpen hadde brekt i samanstøyten og det var ein del skadar på køyretøyet. 

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS