Forbrukartilsynet flyttar til Porsgrunn

Etter å ha vurdert fleire lokale i både Skien og Porsgrunn, har Forbrukartilsynet no bestemt seg for å flytte inn i kontorlokale i sistnemnde by.

Publisert Sist oppdatert

Forbrukartilsynet har inngått ein tiårsavtale om leige av lokale i Porselensvegen 32 frå 1. januar 2021.

Regjeringa bestemde rett over nyttår i fjor at forbrukarapparatet skulle omorganiserast, og at all klagebehandling skulle samlast hos Forbrukartilsynet. Samtidig vart det bestemt at tilsynet, med rundt 30 stillingar, skulle flyttast til Grenland.

– Vi er overtydde om at lokala er svært godt eigna til å dekkje behova det nye Forbrukartilsynet har, seier direktør Elisabeth Lier Haugseth i Forbrukartilsynet.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS