Det kan vere lurt å binde fast trampolinen før uvêret potensielt råkar i kveld. Foto: Tryg Forsikring.

Førebu deg på det potensielle uvêret i kveld

I Sør-Noreg er det spådd lyn- og torevêr med kraftige vindkast og regnbyer. No kan det derfor vere lurt å gjere tiltak for å unngå skader.

Det er uvanleg med mykje lyn- og tore og kraftige vindkast i mai, og Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel. I tillegg til lokalt kraftige vindkast blir det meldt om lokalt kraftige regnbyer.

– Med hetebølgja i det siste er det klart at folk har mykje ting ute på terrassar og i hagane og mange er uførebudd på eit uvêr sånn plutseleg, seier kommunikasjonsrådgivar Torbjørn Brandeggen i Tryg Forsikring.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han oppmodar folk som kan bli råka av uvêret til å sikre alt av lause gjenstandar utandørs – bind fast trampolinen og rydd inn hagemøblar, parasollar, partytelt og grillen,

I tillegg er det lurt å forsikre seg om at alle avløpa er opne slik at regnvatnet kan renne vekk.

Har du båt bør du sjå til at han er skikkeleg sikra før uvêret kjem. Kvart einaste år plar mange båtar slite seg i uvêr sommarstid. Ofte er ikkje båtane sikra godt nok mot dei kraftige vindkasta som følgjer med torevêr.

(©NPK)