Fyrste prioritet: Den såkalla Villasvingen er nå fyrsteprioritet for fylkeskommunen. Svingen har vore i bevegelse og fylkeskommunen følgjer derfor med på den.

Førebur ny stenging og vegarbeid. – Dette er veldig krevjande. Me har vore i kriseberedskap i to år, og blir nå førespegla ytterlegare tre år

I byrjinga av mai startar arbeidet i Eidsborgberget. Det betyr at Tokke kommune på nytt blir delt i to i seks månadar.

Publisert Sist oppdatert

– Dette er veldig krevjande, seier ordførar i Tokke, Jarand Felland.

Ordføraren snakkar om det faktumet at kommunen på nytt går mot ein vår og sommar der ein av hovudvegane til og frå kommunesenteret, nemleg fylkesveg 450 mellom Dalen og Høydalsmo, blir stengt på grunn av vegarbeid.

I fjor var vegen stengt på grunn av arbeidet med Ravnejuvsvingen. Men fylkeskommunen ser at det er behov for meir oppgradering i dei bratte og krappe svingane i Eidsborgberget.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS