Det har vore arbeid på Brøløs den siste tida. Dette bildet er frå starten av desember 2024.

Foreslår å bruke meir pengar på Brøløs – vil gje gata eit ekstra løft

Kommunedirektøren i Seljord meiner politikarane bør auke beløpet til oppgraderinga av Brøløs med 2,6 millionar kroner.

Publisert Sist oppdatert

Den siste tida har Seljord kommune oppgradert vass- og avløpsnettet under Brøløsvegen, og  gang- og sykkelvegen, og dei raude fortaua er også skifta ut.  

Det er ei strekning på om lag 350 meter, mellom krysset til Kapteinsgata og krysset til Skipperbakken der det er naudsynt å bygge opp att fortau, kantar og grøntanlegg. I tillegg skal asfalten på fortauet langs Brøløs, mellom Telebygget og Gullnesvegen, om lag 800 meter, skiftast og mykje kantstein må fornyast. Det kjem fram i saka som er skriven av kultur- og næringssjef i Seljord kommune, Asbjørn Storrusten. 

Nå står det igjen to millionar kroner i prosjektet. Kommunedirektøren meiner dei to millionane som nå er igjen i prosjektet vil dekke grunnleggande rehabiliteringar, men «ikkje den oppgraderte standarden som er naudsynt for å løfte Brøløsvegen til eit meir estetisk og funksjonelt nivå for alle i framtida.» 

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS