Sundvang kulturhus: Utgiftene har dei siste åra vore større enn inntektene på kulturhuset, og styret frykta i fjor vinter at dei måtte stenge huset.

Føreslår å gje eit fast tilskot til kulturhuset

I framlegg til nytt budsjett føreslår kommunedirektøren nå å gje eit fast tilskot på 100 000 til kulturhuset Sundvang i Kviteseid.

Publisert Sist oppdatert

Sundvang kulturhus har søkt om eit årleg tilskot på kr 150 000. Søknaden er grunngjeven med at dei har høge driftskostnadar og lite inntekt, og at dei treng føreseieleg økonomi for å kunne oppretthalde drift av bygget.

I budsjettframlegget, som kommunedirektøren la fram for politikarane i Kviteseid torsdag kveld, tilrår kommunedirektør Laila Thorsen å gje eit årleg tilskot til kulturhuset på 100 000.

Grunngjevinga er at ho meiner Sundvang er viktig for kulturlivet i Kviteseid.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS