Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Foreslår å gjere 400 mellombelse politistillingar permanente
Dei 400 mellombelse stillingane i politiet som vart oppretta på grunn av koronapandemien, ønskjer regjeringa å gjere permanente i forslaget til statsbudsjett.
I forslaget ønskjer regjeringa å gi 477,8 millionar kroner for å gjere stillingane permanente. Løyvinga blir foreslått som ein varig auke.
Stillingane skal overførast til politidistrikta når det ekstraordinære bemanningsbehovet som følgje av virusutbrotet har falle bort.
I forslaget skriv regjeringa at dei vil leggje til rette for eit tilgjengeleg politi, som i større grad er til stades i lokalsamfunna.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP