Rådmann: Rikke Raknes.

Føreslår å ta imot 70 flyktningar i år. – I periodar må me rekne med eit mangelfullt tenestetilbod.

Til eit ekstraordinært formannskap i Seljord torsdag føreslår rådmannen å ta imot og busette inntil 70 flyktningar. Det vil gje utfordringar i det kommunale tenestetilbodet.

Publisert Sist oppdatert

Tilrådinga frå rådmannen er i tråd med oppmodinga frå IMDI (Integrerings- og mangfoldsdirektoratet). Rådmannen skriv i saka til politikarane at å busette 70 flyktningar er ei «særs stor oppgåve for ein liten kommune som Seljord».

– Ekstraordinær busetting av så mange som 70 flyktningar i 2022 vil føre til store belastningar for dei kommunale tenestene. Likevel vurderer rådmannen at det er riktig at Seljord kommune tek medansvar for den spesielle humanitære situasjonen som har oppstått i Europa.

Formannskapet tar stilling til saka torsdag.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS