I formannskap: Bjørn Håvard Olsen (Ap) meiner openheit vil bidra til betre omdøme.

Formannskapet slår på kameraet igjen

Torsdag vedtok politikarane i Kviteseid at formannskapsmøta igjen skal bli video-overførte igjen.

Publisert Sist oppdatert

I haust bestemte dei same politikarane at dei ikkje lenger skulle video-overføre formannskapsmøta.

Bjørn Håvard Olsen (Ap) sende i ettertid ein e-post til ordførar og formannskap og bad om at saka vart tatt opp på nytt. Han meinte kommunen var best tent med at innbyggjarane i kommunen kunne følgje med på møta på nett.

Torsdag var saka oppe på nytt. Etter ein kort diskusjon gjekk formannskapet samrøystes inn for å slå på kameraet igjen, og strøyme formannskapsmøta.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS