Nøgd: Ser Pål Kårbø i E134 Haukelivegen AS bort frå at ny NTP ikkje har med årstal for å satse på nye vegprosjekt, er han nøgd med planen.

Fornøgd med ny NTP, men ikkje med prioriteringa. – Å vente så lenge er kanskje den største skuffelsen

Pål Kårbø, dagleg leiar i E134 Haukelivegen AS, er glad for at vegsatsingane Dagslett–E18, Saggrenda–Elgsjø og Bakka–Mo er med i ny Nasjonal transportplan (NTP). Men han er ikkje nøgd med at dei tre prosjekta på E134 ikkje er prioritert dei fyrste seks åra av tolvårsplanen til regjeringa.

Publisert

Fredag kom regjeringa med sitt framlegg til revidert NTP for perioden 2025–2036. Der er det mellom anna ført opp ei satsing på E134 Dagslett–E18 Viker. Kostnaden for utbygginga er sett til 6 milliardar kroner. Av summen er det 2,5 milliardar i statleg finansiering, og 3,5 milliardar i bompengar.

Andre framlegg frå regjeringa Ap og Sp er prosjektet E134 Saggrenda i Kongsberg til Elgsjø i Notodden. Utbygginga er rekna til 2,9 milliardar kroner; 1,7 milliardar frå staten og resten i bompengar. Vidare er E134 Bakka–Mo i Vestland inne i tolvårsperioden. Utbyggingsprisen er sett til 2,4 milliardar kroner, staten finansierer heile summen. Prosjektet er ei halvering av strekninga Bakka–Solheim, der det er ynskeleg med ny veg.

Halde trykket oppe

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS