
Frå flyktning til integrert arbeidstakar
Etter å ha flykta frå krigen i Ukraina, vart Olena Repetiuk busett i Seljord. Her har ho blitt ein del av lokalsamfunnet, og gler seg over både arbeidet ho har og hobbyane ho dyrkar.
Tal frå SSB frå januar 2025 viser at det totalt er i overkant av 19 000 innvandrarar frå Ukraina som er i arbeid og får lønn i Noreg, der om lag 75 prosent av dei har innvandra etter invasjonen i februar 2022. Alle er registrerte busette, som betyr at dei har fått opphald og har planar om å bli i Noreg i meir enn 6 månader.
Olena Repetiuk (50) er ein av desse. Ho kom til Noreg som flyktning for tre år sidan. I dag bur ho i Seljord og har funne både ro og glede i livet sitt her.
– Eg er veldig fornøgd. Eg likar meg godt i Noreg og Seljord, seier ho.
Olena kjem opphaveleg frå Vest-Ukraina, men flytta til Kyiv då ho var 25. Der budde ho fram til ho flykta frå krigen i 2022.
Kyiv er ein millionby, så ein kan tenke seg at overgangen frå å bu i ein stor by til å busetje seg i Seljord ville vere stor.
– Eg er vane med å bu på landsbygda i Vest-Ukraina, så for meg er det ikkje så uvant å bu på ein liten plass, fortel ho.
Olena deltok i introduksjonsprogrammet då ho kom til Noreg, og byrja tidleg i språkpraksis hjå Telespinn i Svartdal. I dag har ho fast jobb der.
– Eg trivst godt her, både med kollegaene og arbeidsoppgåvene, smiler ho.
Språket synest ho derimot er vanskeleg å lære ordentleg.
– No har eg vore her i tre år, og eg føler meg ikkje god i norsk, men kollegaene mine er veldig tolmodige med meg, smiler ho.
Viktig hobby
Olena trivst med handarbeid, og fortel om hobbyen ho har med å flette korger. Denne handverksaktiviteten byrja ho med då ho gifta seg og flytta til ei bygd i Ukraina for å bu saman med mannen sin.
– I bygda var nesten alle innbyggjarane engasjert i korgfletting, og dette handverket gav dei god inntekt. Eg vart fascinert av dette og lærte med glede å flette korger sjølv, fortel ho.

Etter å ha budd lenge i byen og gløymt bort denne ferdigheita, fann ho det igjen då ho kom til Noreg.
– Her såg eg moglegheitene til å drive med handarbeid, og eg vart inspirert til å byrje å flette korger igjen, seier ho.
Olena starta med å flette ei skittentøykorg. Den fanga merksemda til naboen, som ville ha seg ei lik.
– I det augeblikket innsåg eg kor viktig denne kreative aktiviteten er for meg.
No er korgfletting favoritthobbyen hennar.
– Denne aktiviteten fyller livet mitt med glede, og gjev meg høve til å uttrykke meg sjølv, seier ho.
Materiale samlar ho om våren, då selje- og pilkvistane er fylte med sevje.
Ho meiner teknikken med å flette korger ikkje er vanskeleg når ein fyrst har lært det.
– Eg kunne ha laga fem kurvar på ein dag! Men det gjer eg ikkje, ler ho.
Olena har ingen planar om å skape ein business av dette, sjølv om ho har fått selt ein del av korgene ho har laga.
– Det er berre ein liten hobby, smiler ho.

Ivrig turgåar
I tillegg til handarbeid, er Olena også ein ivrig turgåar, og glad i å vera ute i naturen, både til fots og med ski på beina.
– Eg er veldig glad i naturen i Noreg, seier ho entusiastisk, og fortel om fjellturar til både Skorve, Hattefjell, Bjørgefjell og Gaustatoppen.
Ho fortel at ho har hatt ein draum om å sova under open himmel på Skorve.
– I fjor sommar skulle me prøve, men det var så mykje regn og vind den dagen, så me overnatta i skogen i staden for. Det var litt av ein tur, ler ho.
Olena har også funne glede i å gå på langrenn. Frå Ukraina hadde ho erfaring med å stå på slalåmski, men ho fortel at ho fyrst lærte å gå på langrennsski då ho kom til Noreg.
– Eg synest det er veldig moro, smiler ho, og viser bilete frå fleire av turane ho har hatt med ski på beina.

– Kjennest som om eg har budd her heile livet
Olena har funne seg godt til rette i Noreg, og ho synest det er mange likskapar mellom norsk og ukrainsk kultur.
– Det er mykje likt, men ein av dei største forskjellane er måltida. I Ukraina har me varm lunsj, medan i Noreg er det brødskiver.
Ho seier ho har blitt komfortabel med forskjellane og har tilpassa seg det norske livet, som ho verdset høgt.
– Det kjennest ut som om eg har budd her heile livet, smiler ho.
Ho seier det viktigaste som skal til for å føle seg heime i eit nytt land er folks gode haldning. Ho understrekar kor godt ho har blitt tatt i mot av lokalsamfunnet.
– Eg har blitt kjent med veldig mange, og eg føler meg velkommen, smiler ho.
Bekymra for familien i Ukraina
Når ho blir spurt om framtida for Ukraina, er ho usikker.
– Eg synest ikkje prognosane ser gode ut, seier ho alvorleg.
Kva tenker du om ei mogleg fredsavtale?
– Det er veldig vanskeleg å seie, men eg trur ikkje Russland vil trekke seg tilbake og vera med på ei fredsavtale, seier ho.
Olena er djupt takksam for støtta det norske folket har vist ukrainarane i den vanskelege tida.
– Varme ord, vennlegheit og hjelp gjev meg både håp og inspirasjon.
Ho er svært takksam for å vera i Noreg, og er fast bestemt på å bli her også etter at krigen er over.
– Eg føler meg trygg og beskytta her, seier ho.
Olena har mykje kontakt med vener og familie i heimlandet. Broren bur i Vest-Ukraina, som er eit trygt område, medan mora og dei to søstrene hennar bur i Kyiv, og er meir utsett for angrep.
– Eg er bekymra kvar dag, og det gjer meg trist at nokon vel konflikt og vald i staden for å nyte og beskytte den vakre planeten vår. Kvifor kan me ikkje leve i harmoni, støtte kvarandre og verne om det som betyr mest – livet, naturen og familiane våre? Me må prøve å finne måtar å forstå og skape fred på, for verda manglar så mykje kjærleik og godheit, avsluttar ho.