Det er meir sannsynleg enn normalt at det vil kome store vårflaumar over store delar av landet, ifølgje NVE. Her frå flaumen i Bismo i 2018. Foto: Ørn Borgen / NTB scanpix / NPK

Framleis stor fare for vårflaum

Det er framleis større fare enn normalt for stor vårflaum over nesten heile landet, ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Kommunalsjef Frid Berge i Seljord kommune sa i onsdagens kommunestyremøte at dei var uroa for vårflaumen i månadsskiftet april/mai, og at dei er i beredskap.

Stor vårflaum tyder flaum på oransje nivå.

Artikkelen held fram under annonsen.

NVE oppdaterte vårflaumanalysen sin 15. april, og i store delar av landet må ein altså førebu seg på slike flaumar.

– Eit viktig tiltak er å flytte alle verdiar og lause gjenstandar bort frå område som kan bli overfløymde, seier Inger Karin Engen, hydrolog ved flaumvarslingstenesta i NVE.

Det er òg viktig å opne og reinse avløpsvegar for å sikre at vatnet får fri passasje når det er venta snøsmelting eller regn, ifølgje Engen.

Årsaka til flaumfaren er store snømengder i høgda. Kor stor vårflaumen faktisk blir, er svært avhengig av vêret.

Rask temperaturstiging og snøsmelting i kombinasjon med nedbør aukar sannsynet for at vårflaumen blir stor, medan saktare temperaturstiging og lite nedbør reduserer sannsynet, opplyser NVE.

(©NPK)