Lastebilar er det nok av på E134. Desse var på utstilling i Åmot for nokre år sidan, og er av typen som ikkje betrar CO2-rekneskapen.

Framtidas tungtransport treng lading og hydrogenfylling. Det kan dei kanskje få i Åmot

Eit område langs Dalsvegen i Åmot er aktuelt som hydrogenfyllestasjon og ladestasjon for tunge køyretøy. Men fyrst trengs det pengar for å undersøke moglegheitene.

Publisert Sist oppdatert

I torsdagens formannskapsmøte får politikarane i Vinje to søknadar på bordet som begge ber om pengar til å greie ut moglegheitene for grøn energi til tungtransport. Den eine søknaden er frå Hydrogenvegen AS, som ber om 150 000 kroner frå Vinje kommune til sitt forprosjekt. Den andre søknaden gjeld forprosjektet til Supercharge AS og Ladekraft AS. Dei søker om 75 000 kroner. 

Vinje kommune har ein negativ CO2-rekneskap, og mykje av grunnen til dette er all tungtransporten på E134. Ein stasjon i Åmot med lading og hydrogenfylling for tunge køyretøy kan bidra til å betre CO2-rekneskapen til kommunen.

Kommunen har alt sett på eit område langs Dalsvegen i samband med planane om ein hydrogenfyllestasjon, og kommunedirektøren har kome fram til at ei samlokalisering med ladestasjon og hydrogenfyllestasjon på ein stad kunne vore smart – og kanskje også andre energitilbod og ein større parkeringsplass med sanitærfasilitetar.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS