Fristadsenteret
Kari Smeland
Fristadsenteret opnar som vanleg måndag
Alle prøvene tekne etter smittetifellet på Elkjøp førre veke er negative.
VTB meldte torsdag kveld førre veke at Jernia, Sporten og Elkjøp på Fristadsenteret i Åmot ville halde stengt fredag og laurdag etter at ein tilsett hadde testa positivt for koronaviruset. Dagleg leiar på Fristadsenteret, Fredrik Damberg, opplyser om at forretningane vil vera opne som vanleg frå og med måndag, etter at alle prøvene som vart tekne av tilsette og kundar i etterkant av smittetilfellet førre veke kom tilbake negative.
– Dette er utruleg gode nyhende for alle involverte og viser at munnbind, avstand og godt smittevernsarbeid fungerer i høve til å stagge smittespreiinga, seier Damberg.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP