Også 2021: Regjeringa har bestemt å vidareføre den statlege tilskotsordninga til frivilligsentralane ut 2021. Stortingsrepresentant Solveig Sundbø Abrahamsen (H) frå Telemark vil at dagens ordning skal bli permanent.

Frivilligsentralane redda ut 2021

Regjeringa endrar likevel ikkje det statlege tilskotet til frivilligsentralane frå nyttår. Fleire stortingspolitikarar frå Telemark jobbar for at dagens tilskotsordning skal bli permanent.

Publisert Sist oppdatert

Då regjeringa tysdag la fram kommuneproposisjonen blei det varsla utsetting av endring på tilskotsordninga til landets 468 frivilligsentralar. Tilskotet frå staten blir vidareført i 2021 som i år. Det tyder på at til dømes Nissedal frivilligsentral likevel får eit statleg tilskot på 416 000 kroner neste år, mot varsla bare 55 000 kroner om det kom ei ny ordning i tråd med det regjeringa har signalisert.

– Me er politikarar frå fleire parti og fylke som har vore aktive for å påverke, og me har klart å overbevise regjeringa om at det ikkje er lurt å endre dagens ordning. Viss den ordninga blir borte hadde det blitt mykje meir arbeid for det offentlege, seier stortingsrepresentant Solveig Sundbø Abrahamsen (H) frå Telemark om frivilligsentralar blir lagt ned på grunn av sterk reduksjon av det statlege tilskotet.

– Frivilligsentralane gjer eit fantastisk arbeid og mange eldsjeler bidreg der. Eg skal stå på vidare for at dagens statlege tilskotsordning blir permanent, lovar Abrahamsen VTB.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS