Reagerer: Leiar av justiskomiteen Lene Vågslid (Ap) forventar at Frp held avtala frå i vår.

Frp opnar for samtaler med regjeringa om endring av rettskrinsar

I vår gjekk opposisjonen på Stortinget saman og sa nei til regjeringas forslag om å redusere talet på rettskrinsar. Nå seier Per-Willy Amundsen (Frp) til Helgelands blad at det er naturleg at dei snakkar med regjeringa, men at det uansett ikkje er aktuelt å legge ned rettsstadar.

Leiar av justiskomiteen Lene Vågslid (Ap) reagerer på utspelet, og blir skuffa om Frp snur.

– Me håpar Frp held på avtala frå i vår, fordi dette betyr så mykje for så mange. Det var Ap som tok initiativet til å samle opposisjonen, me jobba grundig og kom fram til ein samla konklusjon. Det er veldig spesielt om dei skulle finne på å vingle og selje seg i denne saka, avtala er jo omtrent ikkje tørr, seier stortingsrepresentanten frå Dalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er veldig synd om Frp snur, og det vil då vere deira ansvar og skuld om tingrettane på Notodden og i Kviteseid i praksis blir lagt ned som sjølvstendige domstolar. Eg forventar at dei står på semja, men erkjenner at det kan sjå mørkt ut slik som Amundsen uttalar seg nå, legg ho til.

Les også
Stortingsfleirtalet seier nei til ny domstolsstruktur

Regjeringa har tidlegare føreslått å behalde rettsstadane, men sende på høyring eit framlegg om å redusere talet på rettskrinsar frå 69 til 22. I det som tidlegare var kjent som Telemark, ville framlegget bety at Aust-Telemark tingrett på Notodden og Vest-Telemark tingrett i Kviteseid blir administrert frå Nedre Telemark tingrett. Men regjeringa fekk ikkje fleirtal for dette, då Ap, Sp, SV og Frp samla seg og gjekk imot. Dette var i mai i år. Men nå seier altså justispolitisk talsmann i Framstegspartiet, Per-Willy Amundsen, at det er naturleg å diskutere endring av rettskrinsar med regjeringa.

Vågslid er også uroa fordi fleirtalet i presidentskapen på Stortinget har gjeve beskjed om at saka må handsamast i løpet av november.

– Me hadde fleirtal i komiteen for at me skulle handsame saka etter jol, men nå har me fått brev frå presidentskapen om at den skal handsamast i løpet av november. Når ei sak skal handsamast i ekspressfart er eg redd ikkje alle som bør bli høyrt blir høyrt, seier Ap-politikaren.

Viktig å utnytte kapasiteten

Stortingsrepresentant Bård Hoksrud (Frp) seier han er opptatt av å sikre eit godt tilbod for heile Telemark.

– Eg er opptatt av at det skal vere tenester der me har det i dag, men det handlar også om å utnytte kapasiteten best mogleg. Nokre stadar er det i dag få saker, andre stadar mange, og om ein kan utnytte kapasiteten og bidra til å redusere ventetida er det bra, meiner Hoksrud.

Han er ikkje overraska over reaksjonane frå Ap, og påpeikar at Frp ikkje vil legge ned nokon rettsstadar slik regjeringa tidlegare foreslo. Hoksrud påpeikar at mange blir skeptiske når det er snakk om endring.

– Regjeringa kom då med eit forslag om å legge ned. Det viktige er at tilbodet er der ute, og eg meiner at om administrasjonen for eksempel blir lagt til Skien kan den det styrke tilbodet, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bård Hoksrud, Frp.

Hoksrud fortel at han har fått innspel frå både politikarar og tilsette i tingrettane.

– Eg tek til meg uroa frå dei som arbeider innanfor jordskifterett og tingrettane, og spelar det vidare. Me har enno ikkje konkludert i saka, og kjem til å diskutere den i tida framover, seier Frp-representanten.