Fryktar ny parkeringsløysing for barnehagen blir farleg
Samarbeidsutvalet i Fyresdal barnehage bed kommunestyret gjere om eit vedtak i tryggleiksplanen om å flytte stopplassen til samfunnshuset for dei som skal i barnehagen. Om ikkje det blir gjort fryktar foreldre trafikkfarlege situasjonar for dei unge.
I tiltakslista til tryggleiksplanen vedtok Fyresdal kommunestyre i desember mellom anna å endre stopplass for å levere og hente unge i barnehagen. I staden for at det skjer nær inngangspartiet til barnehagen, skal stopp vere ved parkeringa til samfunnshuset.
Før vedtaket blei gjort etterspurde samarbeidsutvalet (SU) i Fyresdal barnehage dialog for å kome fram til ei godt stoppløysing, men politikarane sa sitt utan at SU fekk medverke.
Artikkelen held fram under annonsen.
I mars sende SU brev til kommunen og bad om at parkering ved samfunnshuset blir stroke frå planen og tiltakslista.
Lite trafikksikkert
– Samarbeidsutvalet opplever forslaget om parkering ved samfunnshuset for å levere og hente barn i barnehagen som lite trafikksikkert, meir risikofylt og utfordrande, skriv SU.
Bakgrunnen for at foreldra ordlegg seg slik er fylgjande:
Dei fleste barna kjem i barnehagen rundt kl. 08.00. Det er også då dei fleste skulebarna kjem, anten med bil eller at dei går via parkeringa ved samfunnshuset. Det er stor aktivitet, mange bilar og skulebussar som kjem til dette området, og dei snur/ryggar og køyrer vidare. På parkeringsplassen er det «fyrste mann til mølla» som gjeld. Det kan bety at foreldra til dei minste barna må parkere lengst vekk frå samfunnshuset og dermed gå eit godt stykke i mellom alle elevane, bilane og bussane, til dei kjem til meir tilrettelagde areal for gåande.
Vidare nemner SU at store delar av parkeringsplassen har lite ljossetting, og barna i barnehagen vil vere vanskeleg for bilførarane å sjå.
– Dei minste barna har ikkje utvikla retningssans slik at det å forstå kor lydane kjem frå kan vere vanskeleg å orientere seg etter. Denne utviklinga er fyrst på plass ved nær 8 års alder. Vi er redd for at det vil oppstå fleire trafikkfarlege situasjonar om det blir lagt opp til ei samanblanding av små og store menneske og fleire bilar på parkeringa ved samfunnshuset, skriv SU.
Brukte 25 minutt
Noko anna SU tek med er at barn i barnehagen ofte har eit behov for å ha med seg mykje utstyr, og er avhengig av hjelp frå foreldra til å bere.
– Det vil bli svært utfordrande å få med seg barn, sekkar, ski/akebrett/syklar og vogner med meir. I ein bringe-/hente- situasjon er det mange barn som er slitne og foreldra må bere. Dette gjer det ekstra krevjande med ei parkeringsløysing som ligg med ein slik avstand som foreslått parkering gjer. I tillegg kan det med store mengder is og snø vere ekstra vanskeleg for dei små å gå til og frå parkeringa til barnehagen. Til dømes bruka ein forelder 25 minuttar for å kome frå bilen til barnehagen éin veg no i vinter, skriv SU.
Artikkelen held fram under annonsen.
Utvalet har fylgjande framlegg til nytt kommunestyrevedtak:
– Foreldre kan køyre opp til barnehagen for å setje av utstyr. Foreldre kan deretter parkere på parkeringa ved helsehuset for å gå opp til barnehagen.
Elles nemner SU at når barna blir levert og henta er trafikk- og folkemengda vesentleg mindre på parkeringa ved helsehuset enn ved parkeringa ved samfunnshuset. I tillegg er omgjevnadane kring parkeringa tryggare enn ved samfunnshuset der fylkesvegen går like ved.
Til slutt tek SU med at det er eit ynske å få merka opp eit gangfelt over til fortau nedanfor helsehuset, og eit gangfelt frå helsehuset mot fortauet ved barnehagen.