
Full fart i Verksta’n – før dørene offisielt har opna
Motorinteressert ungdom har alt tatt verkstadhallen i bruk, fleire veker før opninga 24. april. Verksta’n i Seljord har blitt ein populær møteplass der ungdom får mekke, lære og vera saman.
I verkstadhallen, som ligg i det gamle rutebilbygget i Seljord sentrum, er det full aktivitet, sjølv om den offisielle opninga av Verksta’n ikkje er før i slutten av april. Verksta’n har blitt ein samlingsstad for motorinteressert ungdom og har blitt eit prosjekt som har engasjert.
– Me har halde på ei god beite, fortel Jørn André Hegg, som er styreleiar for Verksta’n.
Initiativet starta i fjor vår, då prosjektgruppa for kommunalt rusarbeid i Seljord gjennomførte ei kartlegging. Kartlegginga viste eit tydeleg behov – ungdommane ynskte seg ein stad der dei kunne skru og mekke.
Johanne Heggtveit er prosjektmedarbeidar i Seljord kommune, og fekk delegert ansvaret med å få i gang ein mekkeklubb. Ei spørjeundersøking ved ungdomsskulen, der 90 elevar svara, viste at 30 av dei hadde kryssa av for at dei ville bruke eit slikt tilbod.
– Sidan det var så mange som ynskte eit slikt tilbod, byrja me å leite etter vaksne som ville vera med, seier Johanne.
På eit oppstartsmøte møtte 17 personar, og fleire melde seg til å sitje i styret. Med støtte frå sponsorar og ulike tilskotsordningar, har prosjektet vakse fram.
– Me starta ein organisasjon, fekk på plass eit styre, og Johanne hjelpte oss med det formelle og har søkt på tilskotsordningar, forklarar Jørn André.

Fornøgde ungdomar
Verksta’n er utstyrt med fleire arbeidsstasjonar. Det er både sveising, sandblåsing, pulverlakkering og arbeidsbenkar med skrustikker.
– Detta har blitt veldig godt tatt imot, og ungdommen er heilt i ekstase når dei er her, smiler Jørn André.
Han fortel at dei unge er veldig interesserte, lærevillige og hjelpsame.
– Me har to sofaer her, men dei er nesten ikkje i bruk, ler han.
Kasper Gundersen Eidal og Fabian Eidal Rue står og skrur på ein moped.
– Det er moro å skru, seier Kasper.
– Tilbodet er kjempebra, seier Fabian, og legg til at han har vore der kvar gong dei har hatt ope.

Mesteparten av tinga som dei jobbar på har ungdommen sjølv tatt med seg heimanfrå.

– Men me har også ting å skru på her, slik at om ein ikkje har noko prosjekt sjølv, så skal ein likevel kunne koma hit å ha noko å jobbe med. Alle kan få vera med, understrekar Jørn André.
Han fortel at fleire av stasjonane har vore veldig populære.
– På sveisinga er det berre kreativiteten som set grenser. Og så har både sandblåsarskapet og lakkeringa vore veldig populære, seier han.
Lærdom, meistring og godt miljø
Kjetil Versto Grue og Sondre Venås Thorstensen held på med sandblåsarapparatet, men tar ein stopp i arbeidet for å fortelje om den nye samlingsstaden.
– Det er bra å vera her, og det er moro å lære. Eg synest det er veldig bra at Seljord har fått ein slik plass, seier Kjetil.
Han synest det er moro at det er så mykje utstyr her.
– Her er alt som høyrer med, smiler han.

Det er ikkje berre verktøy og maskiner som gjer Verksta’n populær. Det sosiale fellesskapet står like sterkt.
– Det er eit bra miljø. Og ein treng ikkje berre koma hit for å mekke. Det er ein plass å vera for det sosiale også, og vera med å hjelpe andre, seier Kjetil.
Tom Andre Gundersen jobbar med å skru på ein moped.
– Det er eit stort prosjekt, seier han, og viser fram bilete av korleis han håpar mopeden skal sjå ut når den er ferdig.
– Eg har vore interessert i mekking i alle år, seier han.

Kva synest du om å ha eit tilbod som detta her?
– Eg synest det er ganske fint at ungdommane kan ha noko å gjera om kvelden. Og så lærer ein mykje, seier han.
I tillegg synest han det er moro at så mange møter opp kvar gong.
– Det er mange som er fornøgde, slår han fast.
Også Erlend Hansen Slettemeås likar seg godt på Verksta’n. Då han høyrde at dette var eit tilbod som skulle koma, tenkte han med ein gong at dette ville han vere med på, fortel han.
– Det er eit bra tilbod. Det er mange som likar å mekke, og her er det masse utstyr og me lærer nye ting. Og så er det ein sosial stad å vera, seier han.

Dei frivillige vaksne spelar ei viktig rolle og er til god hjelp for dei ivrige ungdommane. Ein av dei, Einar Sollid Tveit, gjev råd til Gisle Snarteland.
– Det er moro å lære vekk når dei er så interesserte, seier Einar.
Inspirerer nabokommunen
Denne kvelden var også ordførar i Midt-Telemark, Siri Blichfeldt Dyrland, saman med varaordførar Bjørn Magne Langkås og ein representant frå Foreningen for motorinteresserte i Bø og omegn på besøk for å hente tips og inspirasjon.
– Me har lyst til å få til det same i Bø. Det er veldig mykje bra her. Me vil gjerne høyre korleis dei har fått det til og få med oss nokre tips, seier Blichfeldt Dyrland.
Ho peikar på at mange ungdommar i Bø likar å køyre bil og spele høg musikk, og at det kan føre til skarpe frontar mellom ungdommen og dei som ynskjer mindre støy i sentrum.
– Eg er opptatt av å vera ein ordførar for alle, og ynskjer å finne positive tiltak og løysingar. Me har sett at me treng eit tilbod for dei motorinteresserte, seier ho.

Ho seier med eit smil at dei er litt misunnelege på Seljord, som har fått det til, men at dei tar med seg gode tips, og har tru på at også Bø vil få det til.
– Me har veldig trua på å ta vare på dette ungdomsmiljøet og anerkjenne denne interessa også. Dette kan motverke utanforskap, og i tillegg blir dei gode praktikarar, som me treng i samfunnet. Dette er veldig flott ungdom, og me treng at dei blir tatt vare på og anerkjent seier ho.
Blichfeldt Dyrland seier dei er heilt avhengige av det frivillige, sidan kommunen har ein tøff økonomi.
– Men eg trur me kan klare det. Og så gir det håp at nabokommunen har fått det til. Det er veldig flott her, faktisk betre enn eg hadde trudd, smiler ho.

Mange dugnadstimar og mykje velvilje
Verksta’n er eit resultat av velvilje og god støtte frå både lokalt næringsliv, kommune, fylkeskommune og helsedepartement, i tillegg til omfattande dugnadsarbeid.
– Me har bruka mange dugnadstimar, men det er knallmoro, seier Jørn André.
Han har sjølv alltid hatt ei interesse for mekking, og seier det er moro å vere ein del av dette.
– Ungdommen er så interesserte og me er ein god gjeng, smiler han.
Han seier det har vore mykje velvilje frå mange for å dette til.
– Heilt frå starten av var det ei haldning om at «dette skal me få til», fortel han.
Johanne Heggtveit er også godt fornøgd med korleis prosjektet har utvikla seg.
– Me var sjølvsagt litt spente, men det har gått over all forventning. Det er veldig moro å sjå at det funkar, og det er takka vere det gode styret og alle som har bidrege, smiler ho.

No gler dei seg til offisiell opning 24. april – men ungdommane har vore i full sving i fleire veker allereie.
– Det er femte gongen me har ope her, og det skulle eigentleg vera for å rigge i stand og få alt på plass, men ungdommen har vore veldig ivrige etter å arbeide, så dei har fått lov til å arbeide med sine prosjekt, smiler Jørn André, som fortel at ungdommen «klorar på døra» ein halvtime før det opnar.
– Og dei vil helst ikkje reise når me skal låse, smiler han.