– Maktarroganse: På vegner av Nissedal Ap bad Kristin Parkinson Vågen om at ordførar Ian Parry-Jones (Sp) trekte saka om flaggreglementet.

Full splitting om flaggreglement: Skulda ordføraren for maktarroganse

I Nissedal formannskap protesterte Arbeidarpartiet kraftig på at ordføraren hadde ført opp ei sak om flaggreglement i kommunen.

Publisert Sist oppdatert

7. januar i år bad ordførar Ian Parry-Jones (Sp) kommunedirektøren lage ei sak om flaggreglement i kommunen. Ordføraren viste til at fleire, som til dømes Palestinakomiteen, hadde bede kommunen heise deira respektive flagg.

– Kva skal ordføraren svare slike når kommunen ikkje har eit flaggreglement? stod det i bestillinga frå ordføraren.

I torsdagens formannskapsmøte låg det eit framlegg frå kommunedirektør Sverre Sæter om flaggreglement. I hans framlegg står det mellom anna at regnbogeflagget kan henge i heile juni på flaggstenger ved skulane, barnehagane og kommunehuset.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS