Ynskjer grøn utvikling: Gruppeleiar i SV og leiar av hovudutvalet for klima, areal og plan i Vestfold og Telemark fylkeskommune, Ådne Naper, meiner det er behov for infrastruktur for biogass i øvre del av fylket.

Fylkeskommunen vil ha biogass langs E134

Fylkestinget sette av 2,5 millionar kroner til infrastruktur for biogass langs E134 i budsjettet for fylkeskommunen i 2022.

Publisert Sist oppdatert

– Me trenger infrastruktur for biogass i øvre del av fylket, både for å nå målet om fossilfri busspark innan 2027, og for å bidra til at meir kommersiell tungtransport går over frå fossilt til bio, seier Ådne Naper, gruppeleiar i SV og leiar av hovudutvalet for klima, areal og plan i Vestfold og Telemark fylkeskommune.

– Me ynskjer å ta eit initiativ ovanfor kommunane langs E134 og legg pengar på bordet for å kome i gang. Nå håpar me kommunane langs E134 vil melde interesse for å opprette infrastruktur for biogass. Det kan bli ein viktig faktor for å utvikle strategiske knutepunkt for framtidas langtransport, seier Naper.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS