Burettslag: Heimdal 60 + har planar om fjorten universelt utforma og sentrumsnære leilegheiter for folk som er 60 år eller eldre, pluss eit kommunalt sponsa fellesareal. Nå ser det ut til at manglande interesse gjer at planane ikkje blir verkelegheit. I så fall er avtalen at kommunen kjøper attende Heimdal-tomta. Foto: Aktiv

Gåvepakke eller skivebom? Heimdal 60+ skapte lang debatt

– Eg synest det er dyre leilegheiter, og det ser ikkje ut til at det har treft marknaden, sa Ragnhild Sølberg (Sp).

Publisert Sist oppdatert

Ho var den fyrste i ei lang rekke som gjekk på talarstolen i debatten om kommunen si involvering i burettslaget Heimdal 60 + på Rauland, og ho føreslo at kommunen ikkje involverer seg meir enn den alt har gjort.

Kommunen har tidlegare vedtatt å kjøpe ein av dei fjorten leilegheitene og har i tillegg løyvd 6,3 millionar kroner til fellesareal i burettslaget. Fem private har også tinga leilegheiter, men byggestart har det ikkje blitt enno – fyrst må ni leilegheiter vere selt. Derfor har utbyggaren, Notodden boligbyggelag, bede kommunen om å vurdere å kjøpe tre leilegheiter til.

Kommunedirektøren sette opp fem alternativ for vegen vidare, og eit splitta formannskap innstilte på alternativ B, altså at kommunen går inn med innskott i fire leilegheiter og i tillegg framleis sponsar fellesareal.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS