Uliveti: Giovanni Cozzi (t.v.) og Nils Johan Svalastog Garnes håpar dei får vesttelar med i reisefylgjet til området i Campania der olivenlundane deira ligg i september.
Symre Taugbøl Bang
Giovanni og Nils Johan har bringa olivenolje til Vest-Telemark, no vil dei bringe vesttelar til olivenlundane i Italia
To av olivenbøndene på Vinjeflaten lanserer turkonsept saman med Sogn-verksemd – fyrste tur går føre seg i september, når haustinga begynner.
For om lag sju år sidan overtok Giovanni Cozzi og Nils Johan Svalastog Garnes garden til familien Cozzi i Campania-regionen sør i Italia. Sidan den gong har dei forsynt både nordmenn ogbritar med olivenoljen deira, fyrst frå London, så frå Vinjeflaten.
No ynskjer dei å syne fram området der den prisvinnande oljen produserast til norske turistar, og har starta eit samarbeid med Sogn-verksemda Fotefar temareiser.
– Dette er eit samarbeid me gler oss til å gjennomføre, det blir flott å vise fram heile opplevinga seier Svalastog Garnes i ei pressemelding.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP