Full aktivitet: Sjølv om bjørka er veldig stor, gjev beveren ikkje opp jobben sin.
Geir Ufs
Gjekk laus på kjempebjørka. Nå står ho på skakke som eit minne om dyrisk arbeid
Beveren har for vane å vere aktiv om nettene. Midt på lyse dagen sist februar var han i gang med eit oppdrag som verka umogleg å gjennomføre. Å gå laus på ei så stor bjørk som stod like ved ein fylkesveg måtte vere bommert av ein gnagejobb. Eller?
Det er framleis nokre timar før det blir mørkt når køyreturen i midten av februar går frå Treungen til alpinsenteret på Gautefall. Like ved fylkesvegen eit stykke før bakkane opp til heia er det noko som fangar blikket– ei skikkeleg stor bjørk har tydelege teikn etter besøk frå ein bever.
Men så er det ein mørk klump der også, kva er det? Bilen blir stoppa og rygga tilbake for å sjå nærare på denne klumpen. Oi, ein bever i fullt arbeid på lyse dagen og nær trafikken på fylkesvegen.
Beveren har vald rett side å gnage på, for på andre sida av bjørka heng all kvisten, og den er stor. Hadde han byrja der og klart å felle treet, kunne han gått i si eiga felle.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP